onsdag, februar 14, 2007

Forutan i dag




Då eg vakna i morges tenkte eg for meg sjølv "Åå, for ein nydele morge!". Men eg skal sei verda rasa saman fort. Plutseleg poppa ein tankje opp i mitt hovud då eg såg på datoen på klokje mi. DET ER VALENTIN DAGJE I DAG! Eg brøla forsiktig. Alle dei såre minna starta slideshow i hovudet mitt, mens eg satt der og åt sukkertøy. Kva skal vel ein som meg med denne dagje i året? Om eg berre hadde ei tidsmakin. Men den gong ei. Her gjeld det berre å take beina fatt. Eg følar at denne dagje er forjæves uansett eg, så kvifor koke egg te frukost? Monge eg har tala med er i full ekstase, eg derimot, ein usling, kan ikkje forstå forskjellen på opp og ned. Eg let at augonane. Eg opnar dei igjen. Mao., eg blinkar. Ikkje blunkar. Misforstå meg rett. Eg har då saktens ingje å blunke te. Nei, denne jenta blinke. Enda eit teikn på at eg er som dei andre. Ein verdifull person. Kvinne. Men av ein eller anna årsak, har eg ein idé om at eg faktisk ikkje er det. Til trass for at eg også kan blinke. Mens eg tenkjer på kvifor, kjem det eit dikt te meg:

Bitre tråder av sammenknytte årer
blodsprengt

Innsmurt av jernsmak
kjenner jeg på tomheten av kimen i det fjerne

Ja, no veit eg det! Ja, men nei er svaret. Det er så kjekt å kunne svare ja og nei på den same frågan. Då set eg på mange måtar låket på glaset. Apropos låket på glaset. Denne dagje fe meg til å føle meg som syltetøyet i glaset. Ja, med låket på då sjølvsagt. Kven skal eg koooooooze med liksom? Kven skal kysse meg gul og blå? Sei "Eg elskar deg av heile mi levande, hoppande blodpumpe!"? Stryke meg over håret? Bite meg i øyret? Kitle meg? Ingen. INGEN! Eg brølar forsiktigt igjen. For tenk om nokon høyrte meg. Flaut. Men eg er like glad. Kven har sagt at eg vil vere ein del av dette? Nei, det har eg aldri sagt. Men kva hvis? Neimen om du ska få høyre mykje. Ja, neimen om det du. Eg kryp sakte og forsiktig saman i ein stilling, type foster. Eg held stillingen i ca. 1 minutt. Eg slepp takjet, og ruller rundt. Du kan ha det så godt du, som trur du eg så heldig. Det er eg som er heldig. Eg slepp denne dagje. Eg kan gjere kva eg vil eg. For eksempel sykle så fort eg kan opp ein bakke, eller denge hovudet ti gongar i veggje, eller ikkje pusse tennene på ca fire dagje, eller lime handa fast på mi eiga rumpe, eller sku ljoset av og på til eg ikkje orkar meir. Det er så mykje å finne på at eg blir sprø. SPRØ! Eg brøler atter ein gong.
Ein siste gong.